Fast dekke på Klanten - banen blir stengt fram til ca. 1.6.2010
Styret i Hallingdal Flyklubb har vedteke å starta arbeidet med fast dekke på Klanten Flyplass. Arbeidet med masseutskifting tek til 7. desember og det er T. Engene som skal utføra jobben. Kor lenge bana blir stengt er ikkje heilt klart enno, men me håpar at bana skal vera operativ igjen primo mars.
Prosjektet med fast dekke er eit stort økonomisk løft for klubben, men slik styret ser det har ein ikkje noko réelt valg. Dei siste åra har banen blitt stadig dårlegare og truleg ville ein etterkvart fått problem med å få den godkjent.
Det er god grunn til å tru at fast dekke også vil stimulera aktiviteten og ein ser for seg ein markant auke i antal startar på Klanten når fast dekke er eit faktum.
Styret vil oppfordra alle medlemer til å stilla opp og støtta prosjektet. Sjølv om størstedelen av arbeidet skal utførast av ekstern entreprenør vil det sannsynlegvis bli anledning til å delta i dugnadsarbeid i løpet av
anleggsperioden.
Tekniske data:
Dimensjon: 11 x 600 m
Masseutskifting: 6.600 m3
Finansiering: Tippemidlar/lån/EK

desember 3rd, 2009 at 22:03
Bra jobba! Detta blir flott!
Si fra om det er noe jeg kan bidra med…!
Vil det bli lagt til rette for landing med ski ved siden av hvor det graves?