Fast dekke på Klanten – banen blir stengt fram til ca. 1.6.2010

Styret i Hallingdal Flyklubb har vedteke å starta arbeidet med fast dekke på Klanten Flyplass. Arbeidet med masseutskifting tek til 7. desember og det er T. Engene som skal utføra jobben. Kor lenge bana blir stengt er ikkje heilt klart enno, men me håpar at bana skal vera operativ igjen primo mars.

Prosjektet med fast dekke er eit stort økonomisk løft for klubben, men slik styret ser det har ein ikkje noko réelt valg. Dei siste åra har banen blitt stadig dårlegare og truleg ville ein etterkvart fått problem med å få den godkjent.
Det er god grunn til å tru at fast dekke også vil stimulera aktiviteten og ein ser for seg ein markant auke i antal startar på Klanten når fast dekke er eit faktum.

Styret vil oppfordra alle medlemer til å stilla opp og støtta prosjektet. Sjølv om størstedelen av arbeidet skal utførast av ekstern entreprenør vil det sannsynlegvis bli anledning til å delta i dugnadsarbeid i løpet av
anleggsperioden.

Tekniske data:

Dimensjon:                     11 x 600 m

Masseutskifting:             6.600 m3

Finansiering:                   Tippemidlar/lån/EK

Bensinprisar

Prisen på 100LL er endra til kr 14,00 pr. ltr.  Prisen på 98 oktan står uendra på kr 15,00 pr. ltr. Hugs å vera nøye med føring av bensin-loggane! Prislista vert oppdatert snart.